Gamlebanken logo
STADEN|ROMMA|FELLESAREALA| OMGJEVNADENE|OSS I GAMLEBANKEN|BOOKING|GALLERI|ENGLISH

 
 

GAMLEBANKEN; mykje historie i eit gammalt hus



I denne bygninga, som ble oppført i 1950, og som først husa kommunens første bank, var det lenge liv og røre. Blant anna har det opp gjennom åra vore både tannlege, fødestue, kommunens tekniske etat, galleri og barnehage her.

Idag er det blitt vår bustad og der vi driv vår lille gjestgjevargard. I toppetasjen bur vi sjølve, medan du finn Gamlebanken B’n B i hovudetasjen. I kjelleretasjen har vi laga ei lita leiligheit, i tillegg finn du her vaskerom og eit ekstra bad.

Det gamle tørkehuset i hagen vår har vi bygga om til hønsehus. Her bur våre lukkelege, frittgåande høner (og hanefar sjølvsagt). Vi har 2 bikuber som vi er rimeleg stolte av, som leverer den nydelegaste honning du kan tenkje deg.

I hagen vår er det satt opp to drivhus, der eitt av dei er opent for våre gjester til å plukke grønsaker i sesongen. I det andre av desse drivhusa eksperimenterar vi med hydroponi, altså noko så spanande som dyrking av grønsaker i vatn.

På terrassen kan du finne plantekasser med ymse snadder som jordbær, urter og sukkererter sumar og haust, og alt samen er med og gjere det trivelig å bu her hos oss «på landet». Som gjest i Gamlebanken B'n'B håper vi at du også kan kjenne på denne gode kjensla for kropp og sjel!

Med venleg helsing Hege & Jon

 
     
© Gamlebanken BnB 2021