Gamlebanken logo
STADEN| ROMMA|FELLESAREALA|OMGJEVNADENE|OSS I GAMLEBANKEN|BOOKING|GALLERI|ENGLISH

 
 

GAMLEBANKEN; ein stad å treffest

Frå alle soveromma kjem du ut i ei koseleg fellesstove med fleire små sitjegrupper. Her kan ein spele spel, lese, sjå på tv, eller berre slappe av i ein roleg atmosfære. Frå stova kjem du ut på ein stor terrasse med nydeleg havutsikt. Her finn du og sitjegrupper der du kan nyte eit måltid, forfriskingar eller berre nyte utsikten. Solen har ein fram til klokka halv elleve her på sommaren.

Vårt trivelege kjøkken inneheld alt du treng for å lage små og store måltid, og du finn eit stort spisebord med plass til ti personar.

Dersom ein beveger seg ned i hagen til Gamlebanken kan ein kose seg på ein stor, solfylt terrasse på 44 kvm. Du kan her nytte deg av eit rekreasjonsområde med utepeis, gassgrill, krabbekoker og behagelege hagemøbler. Også her vil du nyte ein nydeleg sjøutsikt og solen vil vere din venn til seint på kveld sommarstid.



Med venleg helsing Hege & Jon

 
     
© Gamlebanken BnB 2021